Innmelding i speidarforbundet sentralt

No er formalia knytt til stifting av speidargruppa i Kviteseid på plass, og vi kjem til å melde speidarane inn i Norges speidarforbund. Vi treng adresse i tillegg til dei opplysningane vi alt har, send SMS til Knut Ove på 96616526. Årskontingenten er på tilsaman 700 kr, av dette går 100 kr til Kviteseid MSK for å dekkje utgifter til skjerf og merke. Resten av kontingenten går til speidarforbunda vi er tilknytt; Norges speiderforbund og undergruppene TeleBusk krets og Misjonskirkens SpeiderKorps (MSK). Det dekkjer forsikring, bladet «Speideren» heim i postkassa, tilgang til nettressursar for speidarar og leiarar, ledertreningsprogram (kurs), arrangering av leirar mm. Det vil kunne bli ein liten eigenandel på nokre turar for å dekkje leige av lokale og innkjøp av fellesmat, men vi vil forsøke å halde desse så lave som mogleg. Til dømes har vi tenkt at hytteturen i mars vil koste 100 kr. Den lokale kontingenten og kor mykje turar skal koste kan vi justere sjølv, men dei sentrale kontingentane står fast. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *