No er uthuset vårt ferdig. Takk til Sparebanken Sør for gåva på kr 10.000,- til prosjektet vårt. No har me fått til ein enkel utedo og eit tørt lager for vårt utstyr. Det å få samla utstyret vårt her på leirplassen vår er fantastisk, seier Knut Ove Lofstad.
Mange er dei som har vore med på å sette opp bygget på dugnad. Takk til alle gode krefter.