Speidertur på Skafsåheii

Tur med Kviteseid MSK speidargruppe til Skafsåheii fjellkyrkje

Fredag 30. januar 2026 – Søndag 1. februar 2026

Me starta turen med at alle som skulle vere med møttes på Betel kl. 17:30 på fredagen. Då fordelte me oss og bagasjen i bilane og køyrde til Skafsåheii fjellkyrkje. Når me kom fram starta gutane (bortsett frå Kjetil), Hilde og Josefine å spele «Risk», me (Oline og Malene) spelte kort og piano og Kjetil laga papirfly. Så laga me omelett til kveldsmat og åt den. Kl. 22:30 la me på mellomtrinnet oss. Dei på ungdomsskulen spelte «Exploding kittens» høylytt på kjøkkenet. Så la dei seg også.

Lørdagen begynte med at Oline og Hilde vekka dei som ikkje var vakne ved å spille av «God morgen, Norge» kl. 08:00. Så åt me egg, bacon og bønner til frukost. Etter det hadde me flaggheising. Så rydda dei på mellomtrinnet etter frukosten og dei på ungdomsskulen hadde førarpatruljemøte. Deretter pakka me sekkane og dro på skitur. Me gjekk ein stund før me fant eit bra sted å vere. Gutane gravde ein siteplass og jentene laga flaskebane. Nokon aka i søppelposar. Til mat på turen hadde me pizza som me laga på stormkjøkken. Etter ein stund trur eg alle var kalde ein eller anna plass, så pakka me saman og gjekk heim. Då skulle vandrarane prøve å finne vegen heim utan hjelp frå lederane. Når me kom heim skifta me og så spelte gutane meir «Risk» og Hilde fortalte Oline og Malene om merkene på leirbålskappa si. Til middag hadde me pastasalat med pesto. Ane lærte oss om korleis me skulle kle oss på tur når det er kaldt ute. Ho lærte oss også litt om korleis kroppen reagerer når det er kaldt. På kvelden hadde me leirbål. Der var det mykje gøy! Etter leirbålet spelte me «Mafia» og «Among us». Så la me oss.

Søndagen begynte med at dei som ikkje hadde vakna blei vekt, denne gangen med roleg jazz-musikk. Alle satte i gang og pakke når dei vakna. Til frukost hadde me restar. Det var regne koldtbordet, som Vidar sa. Etter frukost hadde me flaggheising. Så spelte gutane meir «Risk» og jentene spelte «Games» og «President og boms». Etter det forberedte me «Scouts own». Deretter spelte me meir. Så hadde me «Scouts own» kor gutane hadde eit skodespel og jentene deltok med litt forskjellige andre ting. Når den var ferdig spelte me «Among us» igjen. Etter det rydda me. Så tok me ting inn i bilane, hadde ein liten samling og køyrde heim.

Alt i alt så har dette vore ein fantastisk fin og lærerik tur og me har kosa oss masse!

Skrevet av Oline og Malene. 

Speidartur på Skafsåheii
Speidartur på Skafsåheii